Blant villeste fjelle i ødeste trakt, en bane fra Bergen vi ferdig har lagt, på skinnene ruller det lastede tog, hvor ulvene herjet og jog.

1854

Den første jernbanestrekninga i Noreg (Kristiania–Eidsvoll) vert opna.

1890–1910

Det vert bygd 1 419 km bane i Noreg.

1909

Bergensbanen er ferdig bygd. Prisen tilsvarte eit heilt statsbudsjett.

1938

Sørlandsbanen til Kristiansand vert opna.

1940–1945

Tyske styrkar tar kontroll over NSB. Restriksjonar på energibruk gir jernbanen tilnærma monopol på transport. Jernbanenettet vert utvida med 450 km ved hjelp av krigsfangar.

1952

Det vert løyvd pengar til elektrifisering av banenettet under mottoet «Vekk med dampen».

1996

NSB vert delt i NSB BA og Jernbaneverket.

1999

Gardermobanen – den første høgfartsbanen i Noreg er ein suksess.

2000

Den tragiske Åstaulykka, den tredje store jernbane ­ ulykka i Noreg på 50 år, set sitt preg på jernbanen ved tusenårsskiftet.

2005

Det største utbyggingsprosjektet i Noreg innalands, dobbeltsporet mellom Sandvika og Asker, vert opna.

2007

På Jæren står Ganddal godsterminal ved Sandnes ferdig i desember. Til saman vert det gjennomført rundt 100 ulike utbyggingsprosjekt for totalt 2,2 milliardar kroner.

2008

Osloprosjektet for fornying av jernbanenettet gjennom Oslo vert starta opp på vårparten. Innføring av ny reisegarantiordning vert vedteken.

2010

Det vert gjort vedtak om to løp i det som skal bli den lengste jernbanetunnelen i Noreg, på Follobanen, det 22 km lange, nye dobbeltsporet som skal byggjast mellom Oslo og Ski.

2012

Punktlegskapen i togtrafikken er betre enn på fleire år med ni av ti tog i rute.

2013

Nasjonal transportplan for 2014–2023 vert lagd fram, ifølgje planen skal det satsast 168 milliardar kroner på jernbanen dei neste ti åra.

2014

Full ruteomleggjing opnar for fleire tog frå desember.

2015

Stortinget vedtek å reformere jernbanesektoren i Noreg som eit steg mot eit betre jernbanetilbod for passasjerane og godsnæringa.

2016

Statsforetaket Bane NOR SF vert stifta 5. februar.

2017

Jernbanereforma trer i kraft og Bane NOR SF er i full drift frå 1. januar.

2018

Styret for Bane NOR avgjer i oktober at eit nytt aksjeselskap skal etablerast for å leggje til rette for komande konkurranseutsetting av drift og vedlikehald på jernbanen i Noreg, i tråd med Jernbanereforma. Omkring 1 300 medarbeidarar frå Bane NOR vil følgje med over i selskapet, som skal vere operativt innan juli 2019.

2019

Norsk jernbaneskole vert overført til Bane NOR SF, og seinare same året tek Spordrift AS over drift og vedlikehald av jernbanen. Bane NOR flyttar inn i nytt hovudkontor i Schweigaards gate 33 i Oslo, og jernbanesektorens nye testlab og kompetansesenter for innføringa av det nye digitale signalsystemet ERTMS, Campus Nyland, opnar.